-
0
- Blåresept/Helfo
- Fot
- Gavekort
- Hjelpemidler
- Hud/hår
- Kompresjon/støtte
- TEMPUR
- Trening++
- Ulltøy
- Undertøy/badetøy/tekstiler
- Kampanje
-
Merker
Handlekurven er tom
Dette er ei såpe som inneheld hudpleie i tillegg til vaskestoff. Derfor kan du vaska hendene og dusja så ofte du ønskjer utan å skada huda.
Såpa inneheld vaskestoff og glyserol som er feittløyselege ingrediensar og er dermed godt eigna til å fjerna søl og skit på hendene. I tillegg er det organiske syrer som gjer at såpa vert sur, pH 4. Dei organiske syrene legg til rette for den gode normalfloraen og gjer livet surt for problembakteriane (som ikkje trivst ved låg pH). Såpa er dermed med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein vert meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Innhaldet av glyserol og alginat er med på å pleie huda.
Denne hudvasken kan du bruka til både handvask, dusjing, barbering, intimvask og fotbad. Mild og god hudvask til baby.
Ved tørr hud: Bruk gjerne hudpleie pluss i tillegg. Etter vask og ved behov (på dagtid).
Ved ekstra tørr hud: Bruk gjerne hudbalsam i tillegg. Smør deg godt inn kvar kveld og la det virka over natta.
pH 4 er viktig for å oppretthalda ei sunn og frisk hud, og for å forsterka huda sine eigne forsvarsmekanismar.
Lagring:
Produkta er haldbare i romtemperatur. Høg
romtemperatur over lang tid er likevel uheldig for
konsistensen. Refillflasker bør derfor lagrast ved
lågare temperatur.
Optimakonsepet – «Naturens kur mot hudplager»- utan parabener !
Vår filosofi er at produkta våre skal ha effekt i samsvar med økologiske prinsipp. Økologi er samanhengen mellom levande organismar og miljøet. Optima utnyttar samanhengen mellom mikrofloraen og miljøet. Det har vist seg å gje gode resultat.
Bruk av antibiotika og desinfeksjon motarbeider naturen. Det gjer også bruk av såper og vaskemidlar med høg pH. Alt dette endrar bakteriefloraen i ugunstig retning, og det kan medverka til utvikling og forverring av hudplager.
Kommentarer